Elektronisk oppgjer til HELFO

Arko program
Arko program

Du som tidlegare har lasta ned refusjonskrav frå EPJ (elektronisk pasientjournal) til minnepinne eller CD/DVD og sendt dette til Helfo, kan no laste opp refusjonskravet ditt direkte i tjenesteportalen for helseaktørar. Du slepp å fylle ut samlerekning og sende kravet i posten. Kravet blir automatisk behandla, og utbetalinga kjem raskare på konto.

Den nye tenesta er no tilgjengeleg via https://internett-portal.helsedirektoratet.no. Du loggar deg inn ved hjelp av elektronisk legitimasjon, som for eksempel BankID, BankID på mobil, BuyPass eller liknande. Vel tenesta «Mine oppgjør» for å kome inn i tenesta. Tenesta er lett å bruke og du får rettleiing undervegs.

I ARKo skal utføre oppgjeret omtrent på same måte som før. I staden for å brenne oppgjeret direkte på CD, skal du no lagre oppgjersfila i ei mappe på maskina di, gjerne på skrivebordet for enkelhets skuld. Denne fila skal du deretter laste opp til Helfo. Du treng ikkje å skrive ut samlerekninga for signering. NB! Hugs å slett oppgjersfila frå PCen etter innsending til HELFO.